Jorda blir varmare og varmare

Ifølgje EUs klimaovervakingsteneste Copernicus (C3S), har dei siste sju åra vore dei varmaste som er registrert på verdsbasis.

GIF: giphy.com

Utviklinga går berre ein veg. Jorda blir berre varmare og varmare, og dei siste sju åra er med klar margin dei varmaste åra me har registrert.

Nyleg gjekk C3S ut med si årlege vurdering av temperaturen på jorda. Der har dei bekrefta at 2021 var det femte varmaste året nokon sinne, skriv NTB.

– Ekstreme temperaturar

– 2021 var nok eit år med ekstreme temperaturar med den varmaste sommaren i Europa, hetebølgjer i Middelhavet og ikkje minst dei høge temperaturane i Nord-Amerika, seier C3S-direktør Carlo Buontempo.

Gjennomsnittstemperaturen på jorda var mellom 1,1 og 1,2 grader høgare i 2021 enn den var i perioden mellom 1850 og 1900.