Bjørneparken har opna «Dinosauria»: – Me ville gjera det skikkeleg

Det er ikkje kvar dag ein får moglegheit til å oppleva dinosaurane i ekte storleik – og med ekte lydar og ekte rørsler. Det ville Bjørneparken gjera noko med.

Direktøren i Bjørneparken har ei biolog-utdanning, og fortel at han alltid har syntest at dinosaurane si historie er veldig spennande. – Tida då dinosaurane levde, er veldig spennande. Det er ein periode der alt var annleis enn slik det er i dag. Det vart fort eit kappløp om å bli størst mogleg, seier han.

–  Den utstillinga me har no, er antakeleg ein av dei beste dinosaur-ustillingane i heile verda. Dinosaurane ser heilt ekte ut. Det er barn som blir redde for T. rex-en – det er jo litt kult, seier Kees Oscar Ekeli som er direktør i Bjørneparken på Flå, medan han ler litt.

Han fortel at han har hatt ein draum om å laga ein dinosaurutstilling i 19 år. No har han endeleg fått det til.

– Me ville gjera det skikkeleg, når me først fekk moglegheita. Me har ikkje hatt god nok plass tidlegare, for er det noko denne utstillinga treng – så er det plass. Den eine dinosauren er sju meter høg, seier han.

Oppdatert på den siste forskinga

Den sju meter høge dinosauren er i godt selskap med fleire artar. Mellom anna kan dei som er på besøk sjå T. rex, Brachiosaurus, Raptor, Stegosaurus, Zuul og og Triceratopsen. Utanom den openbare favoritten, T.tex, fortel Ekeli at han er stor fan av dei to sistnemnde.

– Eg må seia at eg synest at Triceratopsen er kjempefin. Den har nakkekragar og horn og slikt, og så rører den seg veldig fascinerande. Eg likar også Zuul godt, seier han.

«Dinosauria» er heilt oppdatert på den siste forskinga som er gjort på dinosaurar. Den inneheld oppdatert vitskapleg kunnskap om korleis dyra såg ut og korleis dei levde.

–  Det er rett og slett ei kvalitetsutstilling. Dyra er veldig fine, men me har også gjort ein god jobb med å laga til eit skikkeleg miljø.

Ein av dinosaurane som er med i ustillinga, er ein Deinonychus.

Kule kulissar skapar stemning

Denne dinosauren, ein Brachiosaurus, er ein av dei største landdyra som nokon gong har eksistert. Dinosauren som er på plass i Bjøneparken er sju meter høg.

Han fortel at dei har ein stor stein-port som inngang, og at utstillinga er plassert i ein skog. I tillegg til dette har dei fleire kule kullissar. Ford Rangeren, som nokre kanskje kjenner att frå Jurassic Park-filmane, har dei også laga plass til i Bjørneparken.

– Den er plassert slik at det ser ut som den er trakka ned av ein dinosaur.

Utstillinga er laga av svenske Megalodon creations, og Bjørneparken har leigd den ut sesongen. Direktøren fortel at den dessverre er for dyr til å ha på permanent basis.

– Men det er ikkje sikkert at det blir det siste me ser av dinosaurar i Bjørneparken.