Lukas (11) har hovudrolla i den nye kalendaren på NRK: – Sjåarane burde gle seg

Berre nokre få veker før innspelinga starta, landa Lukas Langmyr Mabin (11) hovudrolla i «Kristiania magiske tivolitheater». No gler han seg til å høyra kva sjåarane synest.

– Sjåarane burde gle seg til å sjå korleis det var i gamle dagar. Eg gler meg til å høyra kva dei synest når dei har fått sett det me fekk då me hadde innspeling tidlegare i år, seier Lukas Langmyr Mabin (11). 

I «Kristiania magiske tivolitheater» har han rolla som tiåringen Luka frå fattigstrøket Vika i Kristiania, som er i nærleiken av Kristiania Tivoli. Luka har fått høyra at tivoliet ikkje er ein plass for barn, men når han ein dag forvillar seg inn dit, går han rett inn i ei fantastisk verd – der det er duka både for magi, spenning og kjærleik.

– Luka er veldig snill. Han tenkjer alltid på andre før seg sjølv. Han kan bli redd nokre gonger men han vil at ting skal vera rettferdig og er ganske tøff, seier Lukas og legg til:

– Eg trur det er litt Lukas i han. Men han er nok kanskje litt snillare enn meg.

Les også: Andréa Othilie (12) har stor rolle i den nye julekalendaren til NRK: – Det er veldig gøy

ADVENTSKALENDAR: I «Kristiania magiske tivolitheater» er det er duka for magi, vennskap og kjærleik kvar einaste dag fram til julaftan. Foto: Monster/NRK

83 dagar på sett

At Lukas skulle få hovudrollla i den nye adventskalendaren, vart ei skikkeleg utfordring – for han hadde nemleg ingen skodespelarerfaring frå før.

– Eg skjønte ikkje kor vanskeleg det er å få ei rolle, før eg fekk denne. Så eg føler at eg er veldig heldig.

Han skildrar innspelinga som både kjekk og litt slitsam. Totalt hadde han 83 dagar på sett.

BESTE MINNE: Lukas beskriv første innspelingsdag av «Kristiania magiske tivolitheater» som noko heilt spesielt: – Eg hadde aldri sett alle desse menneska og eg visste ikkje kva eg skulle. Eg var sjenert og det var rart å bli filma. Når eg tenkjer på det det no, er det det beste minnet frå innspelinga, seier han. Foto: Julianne Leikanger/Monster

Vil spela i actionfilm

– Eg hugsar at eg sleit med å hugsa kva eg skulle seia i starten. Men det var så kjekt og det var kjempetrist då me var ferdig. Den siste dagen gret eg, seier han.

Dei gode opplevingane frå «Kristiania magiske tivolitheater», gjer at det no freistar med meir skodespel.

– Eg har veldig lyst å jobba som skodespelar når eg blir vaksen. Draumerolla er ein actionfilm, der eg kan gjera mine egne stunts, seier han.

Fakta om «Kristiania magiske tivolitheater»:

  • Eit storslått juleeventyr frå den gongen Oslo heitte Kristiania.
  • Handlinga er lagt til rundt 1909.
  • Handlar om fattigguten Luka og eit magisk teater i enden av eit tivoli.
  • Eit gjennomgåande tema er forhaldet mellom overklassen og dei litt meir vanskelegstilte i samfunnet.
  • Ein musikalsk julekalendar.
  • Har premiere på NRK1 og i NRK TV onsdag 1. desember.