Han får Dialektprisen 2021

Kjartan Lauritzen får prisen for å rappe på balestranddialekt.

Denne saka var først publisert hjå Framtida.no. Der kan du også lesa om at Unge ikkje har like god livskvalitet som andre i Noreg.

– Kjartan Lauritzen kan ein vel kalla eit fenomen frå Balestrand, som frontar ein bodskap om å vere seg sjølv fullt ut. Både i interesser, baris og identitet. Han står fram som eit føredøme for ungdom, og frontar dialekt aktivt i denne bodskapen. Det fortenar ein dialektpris.

Det seier Norsk Målungdom-leiar Frida Pernille Mikkelsen i ei pressemelding.

Kvart år deler landsstyret i organisasjonen ut Dialektprisen til eit dialektføredøme for ungdom. Prisen har tidlegare gått til mellom andre P3MorgenHelsesistaLothepus og Victor Sotberg.

I år får Per Áki Sigurdsson Kvikne – betre kjend under artistnamnet Kjartan Lauritzen – prisen for arbeidet sitt som rappar på balestranddialekt.

– Eg var redd for å bli dømd

Tidlegare i år vart Kjartan Lauritzen kåra til eitt av ti unge «Nynorsktalent». Då fortalde artisten om kvifor Kjartan Lauritzen si første låt Havanna frå 2015 kom ut på bergensk:

– Å synge og rappe er ganske skummelt. Det er ingen som rappar på balestrandsdialekt, liksom. Eg var redd for å bli dømd, fortalde Kvikne då.

I grunngjevinga trekker juryen fram at Kjartan Lauritzen han vore igjennom ei reise mange kan kjenne seg att i: Han gøymde seg bak ei anna dialekt i frykt for å skilje seg ut, før han så vart trygg nok til å vere seg sjølv fullt ut.

Opplevd at folk ikkje forstår dialekta

Då han oppdaga at musikkarrieren var noko han kunne kome langt med, så ville han ikkje lenger gøyme seg – han laut vere seg sjølv.

Året etter debuten kom låten Fredag på klungande balestrandmål, og i dag hiten godt over 12 millionar avspelingar på Spotify.

– I nokre samanhengar har eg vel opplevd at folk ikkje heilt forstår dialekta mi og spør kva noko betyr, men eg opplever òg at mange berre syng med og kosar seg, fortalde artisten Framtida.no i februar.