Nye koronareglar i Noreg

Det har aldri vore så mykje koronasmitte som det er i Noreg akkruat no, og mange er bekymra for den nye varianten som har fått namnet «Omikron».

Derfor har regjeringa og statsminister Jonas Gahr Støre bestemt at me må innføra nye og  strengare reglar i tida som kjem. Sjefen sjølv fortalde at han hadde forståelse for at mange vil føla at det er kjedeleg med nye og strenge reglar att.

– Me skulle gjerne vore ferdig med pandemien. No er situasjonen likevel så alvorleg at me må setta inn nye tiltak for å halda på kontrollen, sa statsministeren då han las opp dei nye tiltaka.

Her er ei oversikt over nye råd og tiltak, som tredde i kraft i dag, torsdag 9. desember.

Dette er reglane

  • Vaksne og barn frå og med 13 år, bør halda 1 meters avstand til andre enn dei ein bur saman med.
    Dette rådet gjelder ikkje for barn som går i barnehagar og på barneskular. Dei treng ikkje å tenka på 1 meters avstand til andre.
  • Ein bør ikkje ha besøk av fleire enn ti gjester, utanom dei som ein bur med. Ein gong i juleferien er det lov med 20 gjester.
    Barn som går i barnehagar og på barneskule kan ha besøk frå egen kohort / klasse / avdeling sjølv om talet er fleire enn ti.
  • Fritidsaktivitetar bør gjennomførast ute, så lenge det er mogleg.
  • Viss det er vanskeleg å halda ein meters avstand til andre, skal alle som er frå ungdomsskulealder bruka munnbind.
    Denne anbefalinga for barn frå og med 13 år. Bruk av munnbind er ikkje naudsyt på skular. 
  • Alle voksne som kan, skal jobba heimefrå.

Korleis blir det på skulen?

Det kjem til å bli jamnleg testing på dei skulane der det er mange som blir smitta av koronaviruset.

Regjeringa har sagt at trafikklysmodellen kan innførast på nytt, dersom det blir mykje smitte på skulen din.

Det betyr at skulen din kan vera på grønt, gult eller raudt nivå ut frå kor mykje smitte det er på skulen og i området der du bur. Utgangspunktet er at skulane er på grønt nivå, med mindre noko anna vert bestemt.

Les også: Ny variant av koronaviruset: Dette veit me om «Omikron»