Framtidajunior Uncategorized Skeiv nisse går verda rundt
Foto: Skjemdump frå When Harry met Santa /Posten

Skeiv nisse går verda rundt

Det er 50 år sidan det var ulovleg å vera homofil i Noreg. Dette markerer Posten med ein skeiv julenisse i julereklamen sin, som no går verda rundt.

Årets julereklame frå Posten har gått verda rundt etter at folk reagerer på den inkluderande skeive kjærleikshistoria med julenissen.

19. november publiserte Posten «When Harry met Santa» og tok Twitter, Reddit og andre sosiale medium med storm. Tittelen på filmen speler på klassikaren When Harry met Sally.

Nokre dagar seinare la dei han ut med engelsk tekst, og videoen er allereie sett over 450.000 gonger.

Førebudde på å reaksjonar

I videoen møter Harry julenissen ved eit uhell når han skal levere julegåvene og det er kjærleik ved første blikk. Så ser me dei ha fine augneblinkar saman julaftan etter julaftan, men frå kvarandre resten av året. Harry sender brev til julenissen «All I want for Christmas is you».

Filmen avsluttar med eit kyss og teksten: I 2022 er det 50 år sidan det vart lovleg å elske kven ein vil i Noreg.

– Dette er eit tema som gjeld mange og som er spesielt relevant til neste år, som også er Skeivt Kulturår. Det vil sikkert kome nokre negative reaksjonar frå enkelte miljø, men det er vi førebudde på å handtere, seier Monica Solberg, marknadsdirektør for Posten og Bring, til Kampanje.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Queen Petrine: Knask eller drep

Queen Petrine er ein ny serie skrive for Framtida Junior av Tonje Noréa Gauden og illustrert av Karina Junker Larsen.

VIDEOAR