Jenta sat i ein bil og gjorde handsignalet til passerande bilar. Ein sjåfør kjende att handbevegelsen, visste at det betydde at jenta var i fare og ringde til politiet, skriv goodgoodgood.co.
Då den sølvfarga bilen jenta sat i stoppa, venta politiet og arresterte 61 år gamle James Herbert Brick. Han er i etterkant blitt sikta for mellom anna kidnapping og fridomsfråtaking/ ulovleg innesperring av ein mindreårig.
@cdnwomenfdnLearn the ##SignalForHelp and know what to do when you see it: Link in bio (canadianwomen.org/signal-for-help)♬ original sound – Canadian Women’s Foundation
For å signalisera fare
Det er Canadian Women’s Foundation som står bak handsignalet.
Dei laga den i april 2020, då pandemien gjorde at mange var isolerte i heimane sine. Då folk hadde mindre moglegheiter til å snakka med andre eller å bli sett, såg dei eit behov for å finna ein annan måte å sei frå om at ting ikkje var bra – og slik sett signalisera fare.
I juli 2020 visste om lag 1 av 3 personar i Canada om signalet, ifølgje offentlege meiningsmålingar.
Overraska over spredning
Men at den skulle gå viralt på TikTok, hadde ikkje organisasjonen sett føre seg. Andrea Gunraj, som jobbar som visepresident i organisasjonen, har sagt at ho vart overraska over kor fort signalet spreidde seg.
– Målet vårt var sjølvsagt at signalet ville bli spreidd, så det kunne vera til nytte for dei som treng det. Likevel var det ei stor overrasking at signalet vart delt på TikTok, for me hadde ikkje ein gong vår egen konto der på det tidspunktet, seier Gunraj.