Det er mindre fuglesong i jordbruksområde – men det aukar andre plassar

Lydlandskapet rundt oss blir påverka av endringar som skjer i naturen. Forskarar bekreftar at det er blitt mykje mindre fuglesong i det norske jordbrukslandskapet.

I Storbritannia og i Finland er lydane frå fuglar blitt svakara og mindre varierte fleire plassar. Men også i Noreg er det blitt mindre fuglesong i jordbrukslandskapet, då talet på songglade fugleartar, som mellom anna vipe og storspove, minkar.

Det skriv NRK i ei sak.

Fuglesong gjer oss merksame på naturen

At det ikkje er mogleg å høyra like mykje fuglesong som før, er eit tap både for naturen og for oss menneska, meiner fagsjef i Birdlife Noreg, Ingar Jostein Øien.

Han fortel at menneske opplever fulgesong som avslappande og at lyden av fuglane er med på å gjera at me tenkjer meir over dyra og naturen rundt oss.

– Dersom dei lydane forsvinner, gjer det oss mindre merksame på endringar i naturen vår, og kanskje også mindre opptatte av å ta vare på han, seier han til NRK.

Nokre område har fått fleire fuglar

Men sjølv om det er blitt mindre lydar frå våre fjærkledde venner i jordbrukslandskap, er det andre område der det er blitt meir fuglar i Noreg. Mellom anna har me fått meir skog her til lands, og der trivst fuglane godt. Varmare klima gjer også at nye artar kjem til.

– I neste 100-årsperiode er det ikkje utenkjeleg at ein får enda meir fuglesong fleire stader, men det kjem an på kor ein er, seier John Atle Kålås til NRK. Han jobbar i Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Les også: Årets fugl er ikkje ein fugl – men ei flaggermus

Les også: Hundrevis av fuglar døydde etter å ha krasja i skyskraparar