Malala har gifta seg

Fredsprisvinnaren Malala Yousafzai (24) har gifta seg med kjærasten sin, Asser Malik.

– I dag er ein viktig dag i livet mitt. Asser og eg har gifta oss i ei lita markering her heima i Birmingham, skriv ho på Twitter.

Malala var berre 17 år då ho fekk fredsprisen, og ho er mellom anna kjend for å jobba med jenter sin rett til å gå på skule.

Les også: Malala vil ha jentene tilbake på skulen