Satsar på «grøne» drosjar

Koronapandemien har ført til at færre tek drosje i Bangkok, Thailand. Derfor skjer det no noko uvanleg inne i eit parkeringshus i byen.

Det som no går føre seg inne i eit parkeringshus i Bangkok, gir utsegnet «grøne bilar» ei heilt ny meining.

I staden for å la bilane stå på tomgang sidan færre tek taxi i koronatida, har eit av drosjeselskapa bestemt at dei skal bruka taka på drosjane til å planta grønsaker. Det skriv BBC.

Arbeidarar ved Ratchaphruek Taxi Cooperative, tenkte utanfor boksen då dei laga  miniatyrhagane på toppen av drosjane. Dei trakk svarte bossekkar over bambusrammer og dekka dei med jord. Deretter tok det ikkje lang tid før vekstene tok til å spira.

Vil selja det som er til overs

Selskapet har uttalt at dyrkinga ikkje kjem til å gjera noko skade på bilane. Dei er nemleg i ganske dårleg stand frå før.

– Dei fleste av drosjane har allereie skadar som ikkje er repartert. Motorane er øydelagte, dekka er flate, seier Thapakorn Assawalertkun, som eig drosjeselskapet.

Dei håpar at det vil bli mogleg at maten som ikkje er naudsam for sjåførane, kan seljast på lokale marknader.