– Dette er ein historisk augneblink. Den etterlengta malariavaksinen for barn er eit gjennombrot for vitskap, barnehelse og malariakontroll. Dette vil endra historia, seier WHOs generaldirektør dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus på ein pressekonferanse.
WHO meiner at den nye vaksinen no bør setjast i alle barn over heile Afrika, slik at spreiinga av infeksjonssjukdommen kan stoppast.
Dødeleg parasitt
Malaria er ein infeksjonssjukdom som skuldast parasittar som blir overført til menneske ved myggbit.
Ved hjelp av ulike medisinar, nett som kan hengast rundt senga og ulike formar for insektmiddel, har malariasmitten blitt redusert. Likevel døydde meir enn 260.000 barn av malaria i Afrika i 2019, skriv BCC.