Maren Benedicte skal jobba for at barn får ha samisk på skulen

Som yngste representant på Sametinget, vil Maren Benedicte Storslett (25) jobba for at Sametinget blir meir kjent for dei unge, og for å setja samisk språk og psykisk helse på dagsordenen.

Tips til deg som vil driva med politikk
  • Tør å stilla spørsmål og sei det du meiner.
  • Tør å vera litt uredd.
  • Engasjer deg i ein organisasjon, ein ungdomsorganisasjon eller anna type organisasjon der du kan vera medlem. For å ta meg sjølv som døme, engasjerte eg meg i NSR Ungdom. For det er ein veldig fin måte å lære, men også å bli kjent med andre som engasjerer seg i dei same sakene eller ulike saker, og lære meir og utvikle seg på den måten.
LES FAKTALUKK FAKTA

Førre veke kunne Maren Benedicte Nystad Storslett gleda seg over at partiet hennar, Norske Samers Riksforbund (NRS), vart størst i sametingsvalet og at ho fekk plass på Sametinget.

Og ikkje nok med det – ho vart valt inn som den yngste representanten på Sametinget. Det meiner ho er eit viktig ansvar.

– Eg synest det er veldig bra at me har fått inn unge representantar på Sametinget for å også representera dei unge stemmene. Kanskje er det med på å få fleire samiske ungdommar til å engasjere seg i politikk og på å nå ut med kva Sametinget gjer og jobbar med, seier ho.

Les også: Fleire gjer som Eli Maret (13) – har samisk på skulen

Maren Benedicte Nystad Storslett fortel at valdagen var utruleg spanande. – I Kautokeino så har me ein litt artig tradisjon på valdagen. Då har me valmarknad spesielt for dei partia som stiller til Sametinget – det er nesten som ein minifestival. Her er Maren Benedicte saman med partiet Norske Samers Riksforbund sin presidentkandidat, Silje Karine Muotka. Foto: Privat

– Sikra at stemma vår blir høyrt

Men kvifor har me eigentleg eit Sameting i Noreg? Maren Benedicte fortel at grunnen er at me har samiske urfolk i Noreg.

– Det er bestemt at me skal ha rett til å uttala oss og bestemma i saker som angår oss, seier ho.

Dermed har me Sametinget, der me har folkevalde, akkurat som i Stortinget og regjeringa, som skal representere den samiske befolkinga.

– Dei samane som bur i Noreg kan stemma ved sametingsval og dei kan også stemma ved stortingsvalet, seier ho og held fram:

– Sametinget er der for å sikra at stemma vår blir høyrt, sidan me er ein minoritet og eit urfolk.

Skal bli betre kjent med samisk språk, kultur og samfunnsliv

Då Maren Benedicte vaks opp i Kautokeino, fekk ho undervisning på samisk. Det var mange på hennar eigen alder som ikkje fekk den same moglegheita. Sidan ho no blir representant for dei unge, blir undervising og utdanning svært viktige tema for ho.

– Me set av pengar som kan brukast på læremiddel og lærarar som kan samisk og som kan undervisa i samisk. Me kjem også til å minna om ansvaret dei norske styresmaktene har for at alle barn og unge skal bli betre kjent med samisk språk, kultur og samfunnsliv, seier ho.

Ho fortel at ho trur det er viktig at det samiske er synleg i kvardagen og at alle er klar over at me har fleire folkegrupper i Noreg.

– Eg trur at kunnskap og synlegheit er veldig viktig. Men også at samiske barn og unge får sjå seg sjølv på film, som i Frost 2 (Jikŋon 2) som var på samisk. At ein ser at ein også er ein del av både samfunnet og i media, at ein kan kjenna seg sjølv att på mange ulike arenaer.

Maren Benedicte Nystad Storslett jobbar ved sidan av politikken i Internasjonalt Samisk Filminstitutt. – Ei av hovudoppgåvene mine er å marknadsføre samisk film både her heime i Sapmi, men også for ein internasjonalt marknad.