Fleire gjer som Eli Maret (13) – har samisk på skulen

Talet på elevar med samisk er det høgaste på 13 år. Eli Maret Henriksdatter Kappfjell Gaup (13) synest det er veldig bra.

Elevar med samisk i år
  • Nordsamisk: 2308
  • Sørsamisk: 101
  • Lulesamisk: 113
LES FAKTALUKK FAKTA

2522 elevar har i dag samisk på skulen. Talet er høgare enn nokon gong.

– Det er veldig bra, og overraskande, seier Eli Maret Henriksdatter Kappfjell Gaup.

Ho trur at fleire kjende samiske artistar og forbilde som KEiiNO, Vegard Bjørsmo og Ella Marie Mætta Isaksen har gjort at fleire har lyst til å ha samisk på skulen.

Foto: Privat

Eigen samisk klasse

13-åringen går no på 7.trinn på Prestvannet skole i Tromsø. Der har dei éin klasse for femte-, sjette-. og sjuandetrinn, éin klasse for tredje- og fjerdetrinn og éin klasse for første- og andretrinn.

– Me får snakka samisk heile tida, så det er veldig fint. Det er berre samar her, så då slepp eg å snakka norsk, seier ho.

Spent på ungdomsskulen

Heime snakkar Eli Maret samisk, men i Tromsø er det flest som snakkar norsk, så det er litt vanskelegare å berre snakka samisk.

Ho er spent på korleis det blir å koma på ungdomsskulen. I Tromsø er det ikkje eigne samiske klassar frå 8. trinn, men ho håpar det blir samisk på skulen i fleire fag.

Les også: Defor feirar me samefolkets dag