Kva vil du spørja statsministerkandidatane om?

Me skal velja ut spørsmål innan tema helse, fritid, skule og klima som Erna og Jonas skal svara på. I dag er siste sjanse til å sende inn ditt spørsmål!

Er du mellom 7 og 13 år og har eitt eller fleire spørsmål du lurer på?

Send det til junior@framtida.no innan tysdag 7. september.

Valdagen er måndag 13. september – så me publiserer statsministerkandidatane sine svar fredag, laurdag og sundag før sjølve valet.

Følg med!