Har nådd TikTok-milepåle

No har Khaby Lame runda 100 millionar følgjarar på TikTok.

Khaby Lame er den andre i verda som har nådd 100 millionar følgjarar på TikTok, skriv VG.

Medan førsteplasshaldar Charli D’Amelio er kjent for danse- og mimevideoar, er Lame kjent for videoar der han reagerer på lifehacks og andre videoar som har gått viralt.

Her er eit typisk eksempel på ein av videoane hans: 

@khaby.lame##??Perfavore non fare questo con la Pizza?? ##??Please don’t do that with Pizza ?? ##LearnFromKhabi ##LearnWithTikTok ##ImparaConTikTok ##pizza♬ suono originale – Khabane lame

Mista jobben grunna pandemien

Lame er fødd i Senegal og kom til Italia med foreldra sine då han var eitt år. Det siste året har han hatt stor suksess på TikTok, noko som har ført til at han er blitt ein superkjendis i heimlandet sitt.

TikTok-suksessen starta etter at han mista jobben sin som kontrollør i ein luftfilterfabrikk då pandemien braut ut i fjor. Då var allereie faren hans utan jobb, og mora var heimeverande. Hovudpersonen sjølv har fortalt i eit intervju at denne tida var vanskeleg og at foreldra hans var bekymra.

– Dei sa: «Kvifor sender du ikkje ut søknader i staden for å laga videoar?».

Brukar kroppsspråk

Den første TikTok-videoen, la han ut 15. mars 2020. Lame pratar ikkje i videoane sine, men er kjent for å bruka eit kroppsspråk som er lett for alle å forstå.

Tidlegare i sommar vart det kjent at han har fått sin eigen agent.

Denne videoen, som han publiserte tidligare i år, har heile 285,9 millionar visningar:

@khaby.lameLol ??‍♂️ ##learnfromkhaby ##LearnWithTikTok ##ImparaConTikTok♬ suono originale – Khabane lame