SKRIVEKONKURRANSE: Gjenbruk tekstil, og gjer verda ei teneste!

Ingrid Kristina Selsås (10) fekk 3. plass i skrivekonkurransen til Framtida Junior og Bladet Sunnhordland. Her kan du lesa innlegget hennar om kvifor gjenbruk er viktig.

Fekk 3. plass: Ingrid Kristina Selsås, 10 år
Hystad skule.

Gjenbruk av kler er så viktig, det er kjempeviktig for verda og klimaet.

Ikkje kjøp nytt, berre få mitt!

Det er faktisk sånn at me nordmenn har i gjennomsnitt 360 klesplagg i skapet, og tekstilbransjen er ein av dei mest forureinande industrien i verda. Derfor må du tenka deg om ein ekstra gong før du kjøper deg noko nytt. Og jo meir kler me kjøper, jo meir aukar produksjonen og då belastar me miljøet endå meir. Me kjøper så masse som 15-20 kg kler i året – er ikkje det sjukt?

Kor mange gonger kan du bruka klede?

Når du vaskar ein vanleg vask av kler, bruker du 59 liter med vatn. Derfor burde ein bruka kleda fleire gonger før du vaskar dei. Ull treng ikkje vaskast. Du kan berre henga tøyet til lufting inne eller ute. Og dongeribuksa kan du bruka opp til sju gonger viss du ikkje har sølt på den.

Ting du kan laga nye ting av?

Ei bukse kan du gjera om til eit skjørt. Ei t- skjorte om til ein strikk. Ein burde få fleire Fretex-konteinarar. Men då må ein bli flinkare på å kjøpa brukt.

Kor mange tonn tekstil får Fretex i året og kvar dag? Dei får inn 50 tonn tekstil kvar dag. Og kvart år får me 20.000 tonn tekstil kvart år.

Kva kan eg gjer for eit betre klesforbruk? Eg kan bruka kler fleire gonger. Laga ting av kler som er for små eller oppbrukt. Arve eller få.

Her er vinnarane av konkurransen:

  1. Theodor Aasheim Imsland, 11 år
  2. Henriette Nysæter Silden, 12 år
  3. Ingrid Kristina Selsås, 10 år

Desse fekk heiderleg omtale:

  1. Malene Engevik Hatlevik, 12 år
  2. Tuva Kismul Østvold, 11 år