Birk Phuangkaew Hesjedal og Kristoffer Moe Tungesvik er to av mange unge som kan gleda seg over at det er ei regelendring på gang.
Sjøfartsdirektoratet ønskjer at barn og unge kan få lov å køyra båtar som er raskare enn 10 knop, men med maks 10 hestekrefter. No skal Næringsdepartementet vurdere saka.
Birk (15) håpar regelendringa kjem så tidleg som mogleg i sommar.
– Eg fekk eigen båt av bestemor i fjor. Det blei mykje køyring då, og det hadde vore fint å kunne køyra litt fortare denne sommaren, seier Birk.
Båten hans har 10 hestekrefter og kan gå fortare enn 10 knop.
– Ei regelendring hadde vore fint, seier Birk.
Vanskeleg utan knop-målar
Kristoffer (14) fekk også eigen båt i fjor vår.
– Ei regelendring hadde gjort det betre for oss. Det er ikkje alle båtar som har knop-målar, så det er ikkje alltid så lett å vite kor fort ein køyrer Min båt har også 10 hestekrefter, men eg har ikkje målar så det er vanskeleg å vita om eg køyrer for fort, fortel Kristoffer.
Gutane tek båtførarprøven den dagen Framtida Junior møter dei i Skånevik.
– Eg tek båtførarprøven no for å bli meir trygg på reglane. Og det blir fint å viss eg skal køyra større båt seinare, fortel Kristoffer.
– Ja, det er veldig greitt å ha, seier Birk.
Ønskjer ei endring
Sjøfartsdirektoratet ønskjer å endra regelverket.
– Vi veit at mange foreldre er flinke til å læra barna å bruka båt, men veit og at mange synest det er vanskeleg å halda seg innanfor 10 knop-grensa. Dette skuldast at dei fleste små båtar går fortare enn 10 knop sjølv med ein veldig liten påhengsmotor, seier avdelingsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.
Han fortel at det er svært sjeldan unge under 16 år kjem ut for alvorlege ulykker på sjøen. Men dei vil følgja nøye med. Dersom regelendringa gjer at det blir fleire ulykker, må heile forslaget vurderast på ny, ifølgje Aarhus.
Positiv næringsminister
Næringsminister Iselin Nybø (V) er positiv. – Vi ynskjer å forenkla regelverket for unge båtførarar og vi vil jobba raskt for å få det til. Å køyra båt er ein fridom eg unner dei unge i sommar, men då er det viktig at ein køyrer ansvarleg og trygt. Vi håpar på å få ei regelendring innan første halvdel av sommaren, seier næringsminister Iselin Nybø til Framtida Junior.