Verdas rikaste mann reiser til verdsrommet

Amazon-grunnleggar, Jeff Bezos, skal reisa på tur til verdensrommet 20. juli i år.

Det skriv Jeff Bezos sjølv på Instagram.

– Sidan eg var fem år gammal har eg drøymd om å reisa til verdensrommet. Eg reiser på denne reisa med broren min. Det største eventyret, med den beste venen min, skriv han.

Foto: AP / Pablo Martinez Monsivais

Bezos-brødrene vil gjennomføra turen med selskapet Blue Origin, som Jeff Bezos sjølv har grunnlagt. Dette er fyrste gong fartøyet New Shepard reiser med menneske om bord.

Reisa finn stad på same dato 60 år etter Alan Shepard vart den første amerikanaren som flaug til verdensrommet.

Fartøyet vil ta dei reisande over Kármán-linja, som er den internasjonalt aksepterte høgda som definerer overgangen frå atmosfæren til verdsrommet – 100 kilometer over overflata til jorda.