7-åring blir det første barnet som får senda noko til månen

Ein sju år gamal astronaut under opplæring vil bli det første barnet som får senda ein ting til månen. Det skjedde etter at ho imponerte dei leiande romfartspionerane i verda.

Elizabeth Norman er besett av verdensrommet. Så interessert er ho, at ho tidlegare i år iscenesette lanseringen av ein massiv rakett frå hagen sin.

Den enorme entusiasmen hennar for månen, fanga merksemda til amerikanske ekspertar som for tida gjer seg klar for den første månelandinga på nesten 50 år. Sjølv med liten plass att om bord i romskipet som skal til månen, har United Launch Alliance (ULA) no tilbode seg å ta noko som tilhøyrer «Astro Liz», skriv Metro.

Ho kjem til å senda eit klistremerke med bloggens logo og namn, pluss kontaktinformasjonen hennar. Der vil det bli verande i århundre framover.

– Eg gler meg til å sjå videoen av klistremerket mitt på månen, som blir tatt av månelanderen, seier Elizabeth.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Astro Liz ?? (@astro_lizs_lab)

Vil bli astronaut

Elizabeth har allereie starta den fysiske treninga si for å ein dag bli astronaut. Treninga førebur astronautar for romoppdraga deira, og inkluderer yogarutinar for å forbetra styrke og fleksibilitet.

– Eg elskar vitskap og verdsrommet fordi det er så mykje å læra, og eg elskar å utforska og gjera eksperiment. Måla mine for framtida er å gå på månen og å utforska det høgaste fjellet på Mars, seier ho.

Elizabeth sin lidenskap for verdsrommet tok av etter at ho såg dekninga av NASA sin Perseverance Rover som vart sendt til Mars i juli 2020. Det pirra ei interesse for å læra seg alt ho kan om verdsrommet. Mykje av det ho lærer, lastar ho opp på YouTube-kanalen sin.

Les også: «Perseverance» landa på Mars – sjå dei første bilda

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Astro Liz ?? (@astro_lizs_lab)