«Perseverance» landa på Mars – sjå dei første bilda

Nesten sju månader etter den vart sendt opp frå Jorda, landa «Perseverance» trygt på Mars i går.

Forskarane i kontrollrommet til NASA kunne endeleg sleppa jubelen laus, då roveren «Perseverance» landa trygt på Mars, skriv VG.

Landingsfartøyet gjekk inn i den tynne atmosfæren med ei fart på om lag 20.000 kilometer i timen, og fartøyet hadde ein temperatur på rundt 1300 grader før landing. Nedbremsinga i atmosfæren tok sju minutt.

Norsk utstyr om bord

No skal roveren bruka god tid på å undersøka den spennande planeten. Om bord har den mellom anna ein norsk georadar, som skal leita etter vatn og liv.

I løpet av dei neste to åra skal den samla inn prøvar ved hjelp av ein lang robot-arm. Desse prøvane blir deretter sendt tilbake til Jorda for analysar.

Men det blir ei stund å venta før me får svar. Planen er at dei skal returnerast i 2031.

Sjå heile sendinga frå NASA her: