Noreg er med på å eiga selskapa som lagar mest eingongsplast i verda

Her i Noreg blir mykje engangsplast forbode 3. juli i år. Men samstundes tener landet vårt pengar på selskapa som lagar mest eingongsplast i verda.

I Noreg skal eingongsplast-ting som sugerøyr og plastbestikk bli forbode frå 3. juli i år. Samstundes er Noreg med på å eiga fleire av selskapa som lagar mest eingongsplast i verda. Det kjem fram i ein ny rapport frå organisasjonen Minderoo.

Plastrapporten

Organisasjonen jobbar for at verda skal bli fri for plastsøppel.

Ifølgje plastrapporten lagar 20 selskap meir enn halvparten av engangsplast-søppelet i verda, skriv BBC. Mykje av pengane i oljefondet blir brukt til å kjøpa delar – aksjar – i mange ulike selskap.

Noreg eig aksjar i meir enn 9000 selskap. Viss selskapa blir meir verd, tener vi pengar. Nokre av desse selskapa lagar mykje av verdas engangsplast. Og sjølv om vi berre eig litt i kvart selskap, blir det ganske mykje til saman. Noreg eig meir av plastselskapa enn dei fleste andre land gjer, ifølgje rapporten.

Forskarar frå London School of Economics og Stockholm Environment Institute har òg vore med å laga rapporten.