Eingongsplast blir forbode

Plastsugerør, kutips, plastbestikk, plastallerkar, rørepinnar og plastpinnar som heliumballongar blir historie.

I mars vart Silje Ask Lundberg skuffa då Stortinget bestemte at Noreg ikkje skulle ha eit forbod mot eingongsplast. Ho er leiar i Naturvernforbundet, og har jobba lenge for at dei som bestemmer i Noreg skal gjere noko med all plasten.

Nye reglar

Men no har det skjedd noko veldig bra! EU, som er eit samarbeid mellom 28 land i Europa, har laga ein plan for kva vi skal gjere med all plasten. For to veker sidan bestemte dei at det no blir forbode med plastsugerør, kutips, plastbestikk, plastallerkar, rørepinnar og plastpinnar som heliumballongar er festa på, fortel Silje.

Sidan Noreg er med i EØS vil desse reglane gjelde for oss også.

No er neste steg å jobbe for at det vert mindre av all anna plast også.