Glad for at eingongsplast skal fjernast

– Eg bruker helst papp i staden for plast, seier Sigrid Mømb Hammersland (11).

Nokre gongar kan det vera kjekt å bruke eingongsplast, men det er viktig for jorda at det blir eit forbod mot det. Plastsugerør brukar eg ikkje så mykje, eg brukar papirsugerør i staden. Plastbestikk blir det om ein stoppar på ein bensinstasjon – for der får du med bestikk når du handlar mat, seier Sigrid som har plukka mykje plast dei siste åra.

Ho tek gjerne med seg ein pose når ho skal på tur.

I dag skal vi på badetur, og då tenkte eg på å ta med ein pose å plukke i, seier ho.

Rundt huset hennar kjem det stadig ny plast.

Eg trur mykje kjem med vinden. Vi kastar jo ikkje plast ute, men finn det likevel i hagen vår.

Plast på land

Eg har høyrt at det kan bli meir plast enn fisk i havet, og eg har lese om dyr som vert skada av plasten. Den kvalen på Sotra gløymer eg ikkje.

Ho er frustrert over at folk ikkje tenkjer på at all plast som vert kasta hamnar i havet – sjølv om det vert kasta på land.

Folk tenkjer; “dette er berre eit lite godteripapir, så det gjer sikkert ingenting”, seier Sigrid.

Seier ifrå

Viss ho får auga på nokon som kastar boss, har ho berre ein ting å seie til dei:

Du skulle ha kasta det der i bossbøtta, det er viktig for naturen.

Sigrid meiner det er viktig å minne folk på det, men ho seier det alltid i ein fin tone.

Det er viktig å seie ifrå.

Ho meiner mange plassar treng fleire bosspann.

Folk gidd ikkje å leite, seier ho oppgitt.

Ho har ein idé til dei som set ut nye bosspann.

Laminer ein lapp der det står «Kast bosset ditt her, hjelp naturen». Kanskje det gjer at fleire bruker bosspanna?

Bursdagsfest

Sigrid bruker litt plast når ho feirer bursdag.

Når vi handlar ting er det jo som regel pakka inn i plast. Eg vel alltid papptallerkar og pappkoppar, og plastflasker er det vanskeleg å unngå, seier ho.

Det er viktig å pante dei, då!