Nerdelandslaget skal game i 50 timar for psykisk helse: – Det er heilt nydeleg

Frå fredag kl. 18 til søndag, skal Nerdelandslaget direktestrøyme gaming, og samstundes samle inn pengar til Mental Helse Ungdom.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lese om at munnleg eksamen vert avlyst og at unge vil føretrekkje noregsferie òg etter pandemien.

I fjor samla Nerdelandslaget inn over 630.000 kroner til UNICEF. Denne helga skal dei samle inn pengar til Mental Helse Ungdom.

Korleis? Ved å game 50 timar i strekk. 

På Facebook fortel Nerdelandslaget, som vart etablert av Senkveld-profil Stian Blipp og Andreas Hedemann i 2019, at dei vart inspirerte til å gjere noko etter 15 månadar med isolasjon og triste rapportar om dårleg mental helse hjå barn, unge og vaksne.

– Vi i Nerdelandslaget har fått meldingar frå unge som føler at dei ikkje har «lov» til å vere lei seg, sjølv om dei opplever at ungdomstida forsvinn framfor augo deira, skriv Nerdelandslaget på Facebook.

50 timar med gaming

Frå fredag kl. 18 og dei neste 50 timane skal Nerdelandslaget med ti programleiarar difor samle inn pengar til Mental Helse Ungdom ved å snakke om psykisk helse, samstundes som dei spelar spel som FIFA, Fortnite og Super Mario Party.

På Facebook skriv Nerdelandslaget at dei vil «bygge kjensla av å ta bladet frå munnen, snakke saman og anerkjenne at vi alle har ei mental helse å ta vare på».

Heile seansen vert direktestrøymd på Twitch.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Nerdelandslaget (@nerdelandslaget)