Framtidajunior Nyhende Vil gjera det lettare å heisa Pride-flagget i Noreg
Foto: Pixabay

Vil gjera det lettare å heisa Pride-flagget i Noreg

I dag skal Stortinget avgjere om det blir mogleg å flagge med Pride-flagget.

Det går mot ei endring av flagglova slik at ein får lov til å heise Pride-flagget medan det går føre seg lokale arrangement. Då blir det lovleg å heise Pride-flagget på alle kommunale flaggstenger, melder Norge i dag.

Hittil har ein berre hatt lov til å heise det norske og det samiske flagget, i tillegg til kommune- og fylkesflagg, på offentlege flaggstenger.

Ei endring i lova vil gjere at det blir mogleg å bruke andre flagg i «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse». Dette gjeld òg FN-flagget.

Forslaget vart lagt fram av statsråd Nikolai Astrup (H) i fjor sommar. No er det bestemt at saka blir behandla på Stortinget 25. mai.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Vilma Martine (9) elskar å løysa mysterium

Vilma Martine Ness synest det er spennande å leita etter spor og finna ut kva som har skjedd. Aller helst vil ho laga ei mysteriebok om alle bøkene som plutseleg blir borte.

VIDEOAR