Messi, Federer og Ronaldo: Dette er verdas sju rikaste idrettssjerner

Sjekk kva stjerner som har tent mest pengar det siste året.

Forbes er eit amerikansk tidsskrift, som er kjend for dei årlege listene sine over økonomiske resultat. Kvart år kårar dei dei rikaste menneska og selskapa i verda.

Dersom du har lurt på kven av idrettsutøvarane i verda som har tent mest pengar det siste året, får du fasiten her.

7. Roger Federer

Foto: Flickr/Tatiana, CC BY-SA 2.0-lisens

Då han har vore ute med ein kneskade mykje av det siste året, har tennisspelaren Roger Federer tent mesteparten av pengane sine det siste året via sponsorsamarbeid med merke som mellom anna Rolex, Credit Suisse og Uniqlo. Han har tent 90 millionar dollar, noko som tilsvarar nesten 110 millionar norske kroner. 

6. Neymar

Foto: AP Photo/David Vincent

Angrepsspelaren på PSG og det brasilianske fotballandslaget, har ein stor følgarmasse i sosiale medium. Det gjer han veldig populær blant fleire ulike typar merkevarer. Han har mellom anna eit samarbeid med Puma og med Fornite – der han har skapt sin eigen «Skin».

Foto: Wikimedia Commons, CC BY-SA 2.0-lisens

Neymar har tent 95 millionar dollar, noko til tilsvarar nesten 115 millionar norske kroner. 

5. LeBron James

Basketballstjerna LeBron James har hatt eit rekordår, og har den høgaste inntekta av alle spelarane i den amerikanske baketball-ligaen NBA. Men det er ikkje berre på bana han gjer det bra – i juli kjem «Space Jam: A New Legacy» med James som skodespelar.

LeBron James har tent 96,5 millionar dollar, noko som tilsvarar om lag 116 millionar norske kroner. 

4. Dak Prescott

Foto: Wikimedia Commons, CC BY 4.0-lisens

Dak Prescott spelar amerikansk fotball og er quarterback for Dallas Cowboys i NFL. Då han forlenga kontrakten sin med klubben sin for fire nye år, fekk han ein stor økonomisk bonus. Dak Prescott har tent 107,5 millionar dollar, noko som tilsvarar om lag 130 millionar norske kroner. 

3. Christiano Ronaldo

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Christiano Ronaldo er ein av verdas aller største fotballstjerner. Han vart den første personen som nådde 500 millionar følgjarar på tvers av Facebook, Instagram og Twitter i februar, og ein månad seinare fulgte han opp med å ta scoringsrekorden på tvers av alle konkurransar, då han scora sitt 770. mål. Utanom fotballbana har han mellom anna også ein livstidskontrakt med Nike. Christiano Ronaldo har tent 120 millionar dollar, noko som tilsvarar om lag 145 millionar norske kroner. 

2. Lionel Messi

Foto: Wikimedia Commons, CC BY 2.0-lisens

Heile fotballverda holdt pusten då Lionel Messi i fjor forsøkte å forlata Barcelona. Då viste det seg at den spanske klubben betalar han mykje meir enn tidlegare antatt. Utanom kontrakten som gjer han til verdas best betalte fotballspelar, har Messi har mellom anna også ein livstidskontrakt med Adidas. Lionel Messi har tent 130 millionar dollar, noko som tilsvarar nesten 157 millionar norske kroner. 

1. Conor McGregor

Foto: AP Photo/Julio Cortez, File

Conor McGregor driv med MMA, som er ein form for kampsport der utøvarane kan bruka ulike teknikkar frå fleire stilartar for å bekjempa motstandaren. I tillegg til inntekter frå kampane sine, har McGregor også inntekter frå mellom anna Whiskey-merket «Proper No. Twelve». Conor McGregor har tent 180 millionar dollar, noko som tilsvarar nesten 217 millionar norske kroner.