Leseglade elevar har laga Bergens lengste bokorm

Under den årlege litteraturfestivalen til Landås skole i Bergen, har elevane lese så mange bøker og skrive så mange bokmeldingar at bokormen vart 90 meter lenger enn rektor trudde.

– Heile skulen har lese 500 bøker på ei veke, så det er ganske bra. Men det var nok ein del som fekk litt ekstra motivasjon på grunn av premien.

Det seier Elise Toft (11).

Ho, Emil Johan Pettersen (11), Fatou Badjie (11) og resten av Landås skole, har lese så mange bøker og skrive så mange bokmeldingar at ormen til slutt vart 140 meter lang. Det er 90 meter lenger enn rektor hadde trudd på førehand.

BA omtala saka først.

Lesehestar: Elise, Fatou og Emil har lese mellom tre og fem bøker i litteraturfestival-veka på skulen. – Me eldste les litt tjukkare bøker enn dei som er litt yngre, seier dei.

Is til heile skulen

– Avdelingsleiar Anne-Birthe kom på ideen om konkurransen og sa at heile skulen skulle få is dersom bokormen vart lenger enn 50 meter, seier elevane, som fortel at dei hadde eit håp om at den skulle bli ein stad mellom 60–70 meter lang.

Bokormen er eit resultat av at alle elevane frå 1. til 7. trinn har deltatt på den årlege litteraturfestivalen til skulen. Elevane i 6. klasse er glad i å lesa, og fortel at dei har hatt litteraturfestival på skulen sidan 2017.

– Det har vore veldig gøy med ei veka der det er litt forandring, seier Emil.

På grunn av koronaen, vart årets festival litt annleis enn normalt. Derfor kom dei vaksne opp med ideen om å laga ein bokorm. Alle på skulen har også hatt litterær rebus ute og ein egen skrivedag.

Ei heil veke til lesing og skriving

Heile veka har vore dedikert til lesing og skriving, og den vanlege undervisningen har utgått.

Bokormen til elevane er sett saman av rundt 500 bokmeldingar.

– Me har hatt besøk av fleire forfattarar – Arne Svingen, Anna Folkestad og Milli Evina Sperre som er 12 år. Vår klasse har mellom anna lært mykje om Astrid Lindgren, seier Elise.

Fatou fortel at det har vore om å gjera å lesa mest mogleg, og skriva bokmeldingar til bøkene dei har vore gjennom.

– Eg synest at det har vore kjekkare enn ei vanleg skuleveke, seier ho.

Elevane er usikker på om dei greier å tangera rekorden neste år, og alle tre må tenkja seg litt om då dei får spørsmålet.

– Eg veit ikkje. Men det går sikkert om me les endå litt meir, seier Elise.