Charlotte og Samuel går på skule i Gran Canaria: – Må gå med munnbind heile dagen

Har du nokon gong lurt på korleis det er å gå på ein norsk skule i utlandet? Charlotte (10) og Samuel (12) bur på den solfylte øya Gran Canaria i Spania, saman med familiane sine. Dei fortel at det har vore eit rart år.

– Me gjer masse gøy på skulen, men det beste er nok at me kan reisa på stranda.

Det seier Charlotte (10) og Samuel (12) som går på den norske skulen i Gran Canaria.

Elevane fortel at det ikkje er så veldig annleis å gå på skulen i Spania enn i Noreg. Derimot merkar dei at dei godt at dei bur i eit varmare land.

–  Me har gym ute heile året. Me har svømmebasseng og utegymsal, seier Samuel.

Utegymsal vil seia at den ikkje har tak. Då journalisten lurer på korleis det fungerar om det regnar, er elevane raske i svara:

– Viss det regnar, har me ikkje gym. Men det er berre regn her ti dagar i året, så det går bra.

Utegymsal: Det er ikkje vanleg at det regnar så mykje i Gran Canaria. Derfor kan elevane ha utegymsal, noko dei synest er bra.

Færre elevar i år

Læraren til Samuel og Charlotte, Iris, fortel at det er mange færre elevar på skulen i år enn kva det pleier å vera. Grunnen er korona-pandemien, som også har ramma Spania.

– Som regel pleier me å ha ein stad mellom 150 og 200 elevar her, men i år er det berre 70 elevar på skulen, seier ho.

Charlotte og Samuel har budd på Gran Canaria eit år, og har hatt mange korona-tiltak å forhalda seg til. Mellom anna har dei portforbod, noko som betyr at dei må vera heime mellom klokka 23.00 og 06.00.

– Me må gå med munnbind heile dagen, og får ikkje lov å ta det av med mindre me et, drikk eller er på stranda.

Korona-tiltak: Kvar dag må elevane ta temperaturen for å sjekka at dei ikkje har fått korona. Dei må også bruka munnbind heile dagen.

Kan få ei skikkeleg bot

– Me kan få ei skikkeleg bot om me bryt reglane om portforbodet, eller om me har fleire gjester enn me har lov til.

Til tross for strenge korona-tiltak, går det fint, sjølv om også dei er lei av korona.

– Kva saknar de mest frå Noreg, då?

– Eg saknar brunost, seier Charlotte.

– Eg saknar vennene mine, fotball, Freia-sjokolade og Sørlandsships, seier Samuel.