Kinesisk rakett landa i havet

Den kinesiske raketten som kom mot jorda i ein fart på nesten 28.000 kilometer i timen, gjekk natt til søndag i oppløysing over Indiahavet.

Før helga var det stor uvisse om kvar på Jorda den kinesiske romraketten kom til å landa – det einaste me visste var at det kom til å skje i løpet kort tid.

Natt til søndag skjedde det, utan at den traff land.

Kina kunne opplysa om at den 18 tonn tunge Chan Zheng 5B-raketten kom inn i atmosfæra over Middelhavet klokka 04.12 norsk tid. Ti minuttar seinare landa dei siste restane av raketten i Indiahavet, skriv NRK.

Les også: Romraketten kan krasjalanda på Jorda