Romraketten kan krasjalanda på Jorda

Ein kinesisk romrakett rasar rundt Jorda i ein fart på nesten 28.000 kilometer i timen. Ingen veit kvar den vil landa, men det kjem til å skje i løpet av helga.

Romraketten kjem stadig nærare Jorda. Ingen veit eksakt kvar den vil landa, men det kjem til å skje i løpet av helga, skriv TV 2.

Romraketten det er snakk om er frå Kina og har namnet Long March 5B. Oppskytinga vart førre veke feira som ein stor suksess, då den hadde med seg den første delen av det som skal bli Kina sin nye romstasjon.

Kina har hastverk med å ta leiinga – også i verdsrommet. Men når ein har hastverk, kan ting også gå litt galt. Sjølv om romstasjonen kom trygt på plass, hadde ikkje kinesarane ein plan for kva dei skulle gjera med bæreraketten. Denne er no blitt romsøppel, og på veg tilbake mot Jorda i ein heidundrande fart.

Mest truleg vil raketten brenna opp når den treffer Jordas atmosfære, men store vrakrestar vil sannsynlegvis treffa jorda.

Les også: Kina og Russland skal bygga romstasjon

Kan treffa land, men også hav

– Anbefalingane er at ein skal få bæreraketten ned på ein kontrollert måte, slik som mange gjer i dag, seier fagsjef ved Norsk romsenter, Yngvild Linnea Andalsvik til TV 2.

Desse anbefalingane hadde ikkje Kina tid til å ta – derfor er det no knytt stor spenning til kvar raketten vil landa, og når den vil landa.

Andalsvik trur at det vil skje på søndag, og er sikker på at landinga ikkje skjer på norsk grunn. Det er ein sjanse for at den kjem til å treffa ein plass der det bur folk.

– Men størstedelen av Jordas overflate er jo hav, seier ho.