Med mykje heimeundervisning og få tilbod om fysisk leksehjelp, har pågangen til Digital Leksehjelp eksplodert det siste året, skriv Røde Kors i ei pressemelding.
Sidan 12. mars i fjor har over 16 000 elevar tatt kontakt med Røde Kors for å få leksehjelp. Tilbodet er for alle som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Det er meir enn 60 prosent fleire enn i tida før pandemien.
– Gratis og lett tilgjengeleg leksehjelp er viktig for ungdommar i mange livssituasjonar. Ikkje alle har nettverk av vaksne dei kan spørja om hjelp til skulearbeid, seier Heidi Bergfald, leiar i Røde Kors Digital leksehjelp.