Kina og Russland skal bygga romstasjon

Dei to landa vil bygga romstasjon på månen, i bane rundt månen – eller begge deler.

– Informasjonen me har fått, seier at det er snakk om ein liten romstasjon som går i bane rundt månen, eller ein stasjon på overflata til månen. Den vil vera på sydpolen til månen, seier Christian Hauglie-Hanssen, administrerande direktør i Norsk romsenter til NRK.

Han fortel at både Kina og Russland har mykje erfaringar frå teknologien, som skal gjera det mogleg å få dette til.

– Det største samarbeidsprosjektet i verdsrommet for Kina

Stasjonen skal brukast til å utføre ei rekkje vitskaplege forsøk på mellom anna korleis me kan bruka månen.

– Dette kjem til å bli det største samarbeidsprosjektet i verdsrommet for Kina sin del. Dette er derfor noko som har mykje å seia, seier Chen Lan, som er ekspert på analyse av Kina sitt romprogram til AFP.