Kvart år døyr om lag 100 personar av drukning i Noreg. Dette er fleire enn dei som døyr i trafikken, skriv Ung Forskning.
Det er mykje snakk om kva me kan gjera for å unngå ulykker på vegen, men lite snakk om kva me kan gjera for at færre druknar.
Nesten alle born som lærer å symja, gjer det i eit symjebasseng. Forskarane har funne ut at det nesten er ingen skular som har øvd på symjing ute i naturen.
Må bli meir opptekne av å læra å redda liv
Det synest dei ikkje er godt nok, og har derfor skrive ei bok om det å læra å symja og korleis redda liv.
I boka «Utandørs symjing og livredning», tek forskaren for seg at me er litt for lite opptekne av det som er noko av det viktigaste målet med symjeopplæringa – nemleg å redda liv.
For å læra det, bør me læra å symja både ute og inne.