– Eg gler meg fordi dette er noko eg har ønskja å halde på med. Eg elskar å formidla, og eg har stor interesse for det som skjer i verda, samstundes som at eg er kreativ. No får eg moglegheit til å formidla nyhende på ein kreativ måte.
Det seier Salamatu «Sally» Kamara (25) i ei sak hjå Journalisten. Ho har allereie jobba for Supernytt i fleire månader, men hadde sin første arbeidsdag som programleiar i starten av denne veka.
– Aldri sett nokon som ser ut som meg på tv før
Salamatu meiner at det er viktig at born for moglegheit til å kjenna seg sjølv att, når dei ser på tv.
– Eg har aldri sett nokon som ser ut som meg på tv før. Born er morgondagens leiarar, derfor er det viktig å styrka dei, både intellektuelt og emosjonelt.
Intellektuelt handlar om korleis me tenkjer, medan det emosjonelle handlar om korleis me føler. Ho trur at å vera ein del av Supernytt, gjer dette mogleg.
– Det er kjempegøy, seier ho.