Arkeologar har funne ei 2000 år gamal vogn i utkanten av Pompeii, skriv Kidsnews. Den italienske byen vart gravlagd av vulkanutbrotet frå Vesuv i år 79.
Vogna hadde opphavleg fire hjul og var av tømmer, jern, bronse og tinn. Rundt vogna fann forskarane også restane av tre hestar.
Nytta til å frakta nygifte
Massimi Osanna, som er avtroppande direktør for det arkeologiske området i Pompeii, seier at vogna var veldig spesiell for si tid. Liknande vogner vart mellom anna nytta til å frakta ei brud til den nye heimen sin etter bryllaupet.
– Dette er ei oppdaging som gir oss ei betre forståing av den antikke verda, seier han.