For små kostymar i film om Askepott

NRK har snakka med to unge kvinner som ikkje kan vere med som statistar i «Tre nøtter til Askepott» fordi kostyma berre finst i små storleikar.

– Dei søker mangfald, men mangfald er mykje meir enn xs-medium. Eg er lei meg og skuffa. Eg trudde vi hadde kome lenger, seier Valeria Maturana Gudmundsen til NRK.

På bilete ser du Astrid Smeplass i sitt Askepott-kostyme.