Kvart år deler Grønt Punkt Noreg, som har ansvar for Norsk Returkartong, ut 120 pengepremiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner i Returkartonglotteriet.
Dei siste åra er det dei vaksne som har vore flinkast.
– Mange born og unge er veldig opptatt av miljø og er flinke til å sortera avfallet sitt, så dei treng kanskje ei påminning om at lotteriet finnast – og at det er heilt gratis å vera med, seier Gunnar Moen i Grønt Punkt Noreg i ei pressemelding.
Slik deltek du i konkurransen
Reglane for å bli med er som følgjer: Skyll og brett drikkekartongen. Skriv navnet og telefonnummeret til deg eller familien din på den, og lever den deretter til gjenvinning slik som du normalt ville gjort med papp/papir/kartong.
Du kan levera ein enkelt kartong, eller setja saman fleire til ein kubbe.
Berre kubbar med minimum seks kartongar oppi den sjuande er med i trekninga om 100.000 kroner.
Om klassen din er med, og de har små mjølkekartongar på skulen, er regelen at det må vera fire små kartongar oppi den femte.