ANYmal kan bevega seg plassar der menneske ikkje kan gå

Denne kule roboten kan klatra og springa plassar der det er for farleg for menneske å bevega seg.

Roboten, som har fått namnet ANYmal, har full kontroll på stiar og terreng der verken menneske eller terrengkøyretøy kan bevega seg fordi det er for bratt eller glatt.

ANYmal kan både springa og klatra. Med avanserte lasersensorar og kamera kan roboten oppfatta omgivnadene slik at han kan laga kart og lokalisera nøyaktig medan han beveger seg på fire bein.

GIF: Giphy.com

Nyttig i framtida

Forskarane har testa roboten på Mount Etzel i Sveits.

Der gjekk han 120 høgdemeter utan fall og feilsteg, ifølgje forskarane. Det betyr at den i framtida kan bli veldig nyttig dersom det til dømes skjer ein naturkatastrofe. Då kan den sendast inn i eit område som er farleg for menneske å røra seg i.

(Kjelde: Pressemelding frå ETH Zürich, Ung.Forskning.no, og tidsskriftet Science Robotics)