Selskapet CIES Football Observatory har kome med ei oversikt over verdas mest verdifulle fotballspelarar. Erling Braut Haaland (20) tek 2. plassen på lista, med ein verdi på 1,57 milliardar kroner, skriv TV 2.
På toppen av lista er Manchester United-spelaren Marcus Rashford. Han er vurdert å vera verdt 1,71 milliardar kroner.
246 hus
Men kor mykje pengar er eigentleg 1,57 millardar kroner? Det er så mykje pengar at det er vanskeleg å sjå det føre seg. Men om me samanliknar summen med noko anna, er det kanskje lettare å forstå.
Om me tek ein ny iPhone 12 og ein Playstation 5 som eksempel, kan du kjøpa 100.000 iPhonar eller 200.000 Playstationar for summen Braut Haaland er verdt.
Viss me samanliknar det med eit hus, som me ser for oss kostar fire millionar, kan du kjøpa 264 hus!
Det er rart å tenkja på, sant?
Her er topp ti-lista:
- Marcus Rashford (Manchester United) – 1,71 milliardar kroner
- Erling Braut Haaland (Borussia Dortmund) – 1,58 milliardar kroner
- Trent Alexander-Arnold (Liverpool) – 1,57 milliardar kroner
- Bruno Fernandes (Manchester United) – 1,56 milliardar kroner
- Kylian Mbappé (PSG) – 1,55 milliardar kroner
- Jadon Sancho (Borussia Dortmund) – 1,54 milliardar kroner
- Joao Félix (Atlético Madrid) – 1,47 milliardar kroner
- Alphonso Davies (Bayern München) – 1,44 milliardar kroner
- Raheem Sterling (Manchester City) – 1,42 milliardar kroner
- Kai Havertz (Chelsea) – 1,41 milliardar kroner