Dina slår eit slag for ei meir miljøvennleg jul

Nordmenn handlar for 100 milliardar kroner før jul. Miljøagent Dina Lau-Henriksen (13) synest det er ekkelt å tenkja på korleis framtida kan bli. 

Dina sine tips til miljøvennlege gåver:

  • Gi opplevingar. Billettar til kino, konsertar og teater er kjekt å få.
  • Gi tid. Tid er mykje meir verdifullt enn å gi ei fysisk gåve.
  • Spleis på dyre ting, som mottakaren treng og ønskjer seg.
  • Tenk kreativt.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg prøver å ikkje tenkja så mykje på framtida, fordi eg blir skremt av å sjå kvar me er på veg. Det er så lite som vert gjort, og det som faktisk vert gjort – det går jo så sakte, seier ho.

Dina fortel at ho vart skremt av saker som informerte om kor mange menneske som var på kjøpesentera på Black Friday – midt i pandemien.

– Eg tykkjer det er veldig rart at tilbod gjer at folk reiser ut for å stå i kø, spesielt no. Tilboda som kjem på Black Friday og i adventstida, gjer at me menneske brukar pengar på ting og tang som me faktisk ikkje treng. Dette fører til overforbruk, som igjen går ut over jorda.

Ho synest utviklinga er skremmande.

– Mange tenkjer ikkje på dei store konsekvensane det har for miljø og klima. Me kjøper så mykje me ikkje treng.

– Kutt ut smågåver!

Dina vil at folk skal tenkja seg litt meir om, før dei handlar.

– Eit tips er at fleire kan gå saman og spleisa på dyre gåver, slik at den som får gåva får det dei faktisk treng.

Dina fortel at ho for eksempel, har vokse ut av skia sine. Ho skulle mykje heller ønskt at fleire gjekk saman og spleisa for at ho kunne fått seg nye ski, enn fleire smågåver som ho ikkje ønskjer seg, eller treng.

– Kjøp ting som den du kjøper til faktisk treng, seier ho.