Verdas fyrste julekort

Har du sendt julekort i år? Veit du kven som laga det alle fyrste julekortet i år 1843?

Sir Henry Cole var ein travel mann. Han dreiv ein butikk som skulle gjere folk sine heimar vakrare. Han var også veldig engasjert i det britiske postvesenet og eit stort museum i London. Difor hadde han enormt mange vener og kjente, skriv Historienet.no.

Laga mange kort

Sir Henry Cole såg på jula som ei stressande tid. Det var nemleg vanleg med handskrivne julehelsingar, og Henry såg på det som ei umogleg oppgåve å skrive til alle.

Han fekk ein idé! I 1843 fekk han ein kunstnar til å teikne eit julekort. Kortet fekk han trykt opp i 1000 eksemplar.

Folk blei sinte

Kortet vakte oppsikt, for teikningen, som skulle vise korleis ein burde dele med dei fattige i jula, viste også ei kvinne som ga ei lita jente ein slurk med raudvin.

Mange vart sinte på Henry, men dette kortet gjorde til at mange såg at det var mogleg å trykke opp julekort i staden for å skrive alt for hand.

Norske julekort

Tradisjonen for julekort i Noreg starta på 1870-talet. Hos Norsk Folkemuseum kan du sjå nokre av dei aller eldste. Posten Norge uttala i desember 2017 at nordmenn sender mellom 10 og 13 millionar julekort i året.

JULETRE: Julekort frå år 1880. FOTO: Nasjonalbiblioteket / CC BY 2.0 / Wikimedia Commons

(Kjelde: Historienet.no og Wikipedia)