Ein av tre får stygge kommentarar fordi dei er annleis

Om du tullar med at nokon er «mongo», «døv» eller «hemma», kan det vera spesielt vondt for dei som er funksjonshemma. Å tulle med slike ord er feil uansett om den du seier det til er funksjonshemma eller funksjonsfrisk.

Nokon bruker slike ord berre for å tøffe seg, og det er ikkje alltid ein tenkjer over korleis det ein seier kjennest for andre menneske.

Norske forskarar har no funne ut at ein av tre med funksjonshemmingar har fått høyre stygge kommentarar det siste året, skriv Ung.Forskning.no.

Vanskeleg å forske på

Det er ikkje lett å forske på slike ting, seier forskaren Terje Olsen til Ung.Forskning.no.

Når han og andre forskarar har spurt folk med funksjonshemningar om dei blir mobba, er det mange som ikkje orkar å snakke om det. Dei synest det er så vondt å tenkje på at dei prøver å gløyme det.