Mest mobbing på 5. til 7. trinn

Dei eldste elevane i barneskulen på 5. til 7. trinn blir mest mobba, medan færre blir mobba på høgare skuletrinn, viser tal frå den nye Elevundersøkelsen. Kunnskapsministeren er svært bekymra over tala.

Om lag 442 500 elevar deltok i undersøkjinga – frå og med 5. trinn til og med siste året på vidaregåande skule.

5,9 prosent av elevane fortel at dei har vorte mobba på skulen 2-3 gangar i månaden eller oftare.
– Sjølv om utviklinga er stabil, er det heilt uakseptabelt at mobbinga er så utbreidd særleg på 5. til 7. trinn. For desse årstrinna er tala aukande og altfor høge, og det bekymrar meg. Dette må vi ta tak i, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Skulen skal vera trygg

Ho vil no ta kontakt med Utdanningsdirektoratet for å få meir kunnskap om tala, korleis skulane jobbar konkret for å førebygga mobbing, og om skulane har dei verktøya dei treng.

– Ein mobbesak er éin for mykje. Skulen skal vera ein trygg stad, og det er viktig at alle som jobbar på skulen følgjer med og grip inn når det er mistanke om at elevar ikkje har det bra, seier kunnskapsministeren.

Viss elevar opplever at skulen ikkje får slutt på mobbinga, oppfordrar kunnskapsministeren elevane til å kontakta statsforvalteren.