– Me pleier alltid å sjekka kvar grein om det er fuglar i treet, før treet blir sendt dit det skal. Men nokre gonger greier fuglar å lura seg med på transporten likevel, seier ansvarlige for transporten av juletreet i ei sak hjå New York Post.
Dei som skulle setta opp juletreet, vart overraska då dei fann ein blindpassasjer langt inne mellom dei store greinene. Ugla dei fann i treet, er ei hannugle og typen er slipeugle, ei av dei aller minste ugleartane me har på jorda.

Et mus
Arbeidarane fann fort ut at dei måtte ta kontakt med nokon som hjelper dyr. På Ravensbeard Wildlife Center, fekk dei snakke med direktøren Ellen Kalish.
– Ugla var dehydrert og svolten, men elles i fin form, seier ho og legger til at ho tok med seg ugla tilbake til senteret for å gi den så mykje mus den berre ville ha.
Mus er nemleg favorittretten til ugler.
Skal bli slept fri
– Eg synest dette var ei hjartevarm julehistorie. Tenk at det var ein hemmelegheit inne i juletreet, seier Kalish i saka til New York Post.
Planen er å sleppa den søte ugla ut i det fri igjen.