Forskarar vil finne ut om tran hjelper mot korona

Ved Oslo universitetssjukehus har forskarar sett teikn på at tran kan redusera sjansen for å bli koronasmitta. No vil dei finna ut kva som er grunnen til det, skriv dei i ei sak på nettstaden sin.

0
Illustrasjonsfoto: Colurbox

– Me ser teikn til at dei som brukar tran både har redusert sjanse for å bli smitta av koronavirus, og redusert sjanse for at sjukdomen blir alvorleg. Dataene våre kan ikkje seia om dette er på grunn av livsstilen til dei som tek tran, eller om det er sjølve tranen som hjelper. Dette ønskjer me no å undersøka.

Det seier Arne Søraas, som er lege og forskar ved avdeling for mikorobiologi på Oslo Universitetssjukehus.

Lanserer transtudien

For å finna ut om det kan vera positivt å ta tran for å unngå korona, har forskarane no lansert Transtudien.

Minst 70.000 deltakarar frå Noreg kjem til å bli med, noko som gjer studien til ein av dei største som er blitt gjort her til lands.

Deltakarane i studien vil delast i to. Halvparten kjem til å ta tran dagleg, medan den andre halvparten vil ta maisolje. Dei som er med i testen, veit ikkje sjølv kva dei får slags produkt.

– Eg håpar mange vil sjå på dette som ei moglegheit til å vera med på den store dugnaden for å kjempa imot korona, seier Søraas.