Gjennom den travle myldrehallen på Oslo Sentralstasjon går veninnene Nanna Nielsen (12) og Johanna Bjørge Nerheim (12).
Det er haustferie, og dei to sjuandeklassingane har teke toget inn til hovudstaden for å intervjue klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn på oppdrag for Framtida Junior.
Ansiktsmaske for fyrste gong
I tråd med påbodet som nettopp har tredd i kraft har begge jentene ansiktsmasker på. Nanna har ei tøymaske, medan Johanna har ein éingongs-variant.
– Korleis er det å ha på seg munnbind? Er det fyrste gongen?
– Eg har hatt det på meg nokre gongar før, i samband med ei flyreise, fortel Nanna.
– Ein bør ta påbodet seriøst, og bruke maske viss ein kan.
Vi kan ikkje bli så sjuke av korona sjølve. Men det er mange andre som kan bli det
– For meg er det fyrste gong med maske, seier Johanna, og legg til: – Eg synest det går heilt greitt!
Det handlar om respekt for andre
Ho fortel at det kun var tre av dei ti vaksne i togvogna ho sat i som hadde munnbind. Sjølv brukte ho det ikkje på starten av turen, men etterkvart som vogna byrja å fylle seg opp.
– Er de redde for å bli smitta?
– Nei, eigentleg ikkje, svarer Nanna. – Vi kan ikkje bli så sjuke av korona sjølve. Men det er mange andre som kan bli det, så vi brukar maske av omsyn til dei.
– Ja, det handlar om å vise respekt for andre, seier Johanna. – Mor mi er mellom dei som er i risikosona, så eg er oppteken av å vere ekstra forsiktig. Det er viktig at alle følgjer tiltaka som vert innførte!
(Saka held fram etter videoen)
Gler seg til å hoste og klemme i gatene
Kvardagslivet til dei to veninnene er ikkje like påverka av koronaviruset no som tidlegare i år. Likevel er det mykje dei gler seg til når pandemien er over.
Eg gler meg til å klemme folk på gata!
– Eg gler meg mest til å ha overnatting saman med veninner frå andre skular, fortel Nanna. – Og så gler eg meg til å kunne hoste utan å bekymre meg for at folk rundt meg skal tru eg er smitta.
– Eg gler meg til å klemme folk på gata! smiler Johanna.
– Men kanskje aller mest til å kjenne meg heilt sikker på at besta, morfar, mamma, ja, alle eg kjenner, er trygge.
- Les også: Dette må du vite om munnbind