Kvar gong eg skal legge meg og sove om natta, får eg vondt i magen fordi eg tenker på korleis verda kjem til å bli i framtida

«Eg synest det er dumt at nesten ingen bryr seg om miljøet», skriv Emma Aga (12) i dette lesarbrevet.

Folk burde ta buss eller sykle enn at folk kjøre masse. I staden for å kjøpe mat heile tida kan du lage mat av det du har i huset ditt.

Eg synst at statsministeren burde arrangere at kvar søndag skal alle i landet plukke boss. Og at kvar sommar samlast folk som bur i ein kommune til dykking etter boss.

Folk må begynne å skjerpe seg. Framtida kjem ikkje til å sjå bra ut viss folk ikkje skjerpar seg snart. Snart må vi ete insekt fordi kyr, griser og sau et plast som ligg på bakken og vi et det. Det er ikkje bra. Fiskane et òg plast i havet og vi et den fisken som har plast i seg. Så kjem plasten vi har ete i sjøen og nokre andre fiskar kan ete den igjen.

Skulane burde arrangere ein dag der dei plukkar boss på strendene i kommunen. Folk kjøper nye syklar fordi dei vil ha ein sykkel som ser betre ut, men det er ikkje lurt. Du kan ha den same sykkelen din heilt til den blir øydelagt eller for liten.

Kvar gong eg skal legge meg og sove om natta, får eg vondt i magen fordi eg tenker på korleis verda kjem til å bli i framtida.

Viss det kjem ein telefon og du vil ha den og du har ein telefon som fungerer bra – behold den telefonen du har no til den er øydelagt. Du skal bare ha telefon for å ringe med – ikkje for at den skal sjå bra ut.

Nokre av kleda me bruker den dagen i dag er 100 prosent polyester. Og polyester er eit anna ord for plast. Viss du tenker deg nøye om no, så kan du sjå kor mykje som er laga av plast i verda.

Her er fem ting som er laga av plast som vi ikkje tenkjer så mykje på: telefondeksel med éi side, kvessarar, linjalar, tannkostar og refleksvester.

Håpar du tenker på kva du kaster i naturen no. Viss du kjedar deg, ikkje sett deg å sjå på telefonen eller ipaden: Gå heller ein ploggetur. Ploggetur er at du joggar mens du plukkar boss. Då eg var i Syden, såg eg eit ispapir frå Noreg på stranda der. Det må bli fleire bosspann i kommunar, sånn at folk ikkje kastar det på vegen.

Emma Aga, 12 år, Svortland skule

Innlegget blei sendt inn til skrivekonkurransen vår om miljø.

Har du noko på hjartet? Send det inn til junior @ framtida.no

LES OGSÅ: Penelopes tips for andre som vil engasjere seg

Klimaaktivist og UNIEF-ambassadør Penelope Lea (15) talar framfor Stortinget. Foto: Beate Haugtrø