Under halvparten av norsk ungdom følgjer kosthaldsråda

Mange norske barn og unge følgje ikkje tilrådinga om dagleg inntak av frukt og grønt, og mange får heller ikkje tilrådd mengde fysisk aktivitet.

Ein ny heilt ny rapport om helse og trivsel blant barn og unge i Noreg blir i dag publisert.

HEVAS-rapporten er den norske delen av ein stor, internasjonal undersøking i regi av WHO (Verdens helseorganisasjon).

– Eg er uroleg over nokre av resultata knytt til spisevaner hos dei unge. Dei bør få full effekt av eit godt og næringsrikt kosthald, for optimal helse, utvikling og for å hindre overvekt, seier Ellen Haug, 1.amanuensis, Institutt for helse, miljø og likeverd, Det psykologiske fakultetet, Universitetet i Bergen

(Saka held fram etter bilete.)

Illustrasjon: Colourbox

Jentene ikkje så sunne som vi trudde

– Vi finn at dei yngste norske jentene, 11-åringane, et mindre frukt, og det er fleire av jentene som droppar frukosten i forhold til gutane. Ei mogleg forklaring er at det er ein metode for å redusere dagens totale kaloriinntak med tanke på vekt, seier UiB-forskar Ellen Haug.

Trenden aukar med alderen, og kan sjåast i samanheng med ein aukande merksemd knytta til utsjånad etter kvart som dei blir eldre.

Rapporten viser at dei norske ungdommane likevel er sunnare samanlikna med dei europeiske ungdommane.

– Delen som et godteri og drikk sukkerhaldig brus dagleg er betydeleg lågare