Er energidrikken laga for barn eller vaksne?

Du har sikkert sett energidrikken som står i butikkhyllene. Flaskene har ofte eit litt røft design, og når ein smakar merkar ein at det er veldig søtt og kunstig på smaken. Nesten som søt tyggis.

Ein skulle nesten tru at energidrikken var laga for barn, for det er kanskje dei som likar den svært så søte drikka best.

Forbud i mange land

I fleire land som Litauen, Latvia og England, har det blitt innført 18 års aldersgrense for å kjøpe energidrikk i butikkane, og Forbrukerrådet ynskjer at det same skal skje i Noreg.

– Om det skal vere fordode for barn å drikke det, burde smaken vorte endra, seier Nikolai, Sunniva og Reem.

Dei har både smakt og drukke energidrikke.

– Det er noko alle har gjort, seier Sunniva.

Barnevenleg smak

– Smaken er veldig god. I fjor sommar drakk eg utan lov av foreldra mine, for å halde meg vaken, seier Reem.

For det er smaken dei likar. Det er ein barnevenleg smak på dei fleste energidrikkane. Ein kan undre seg om energidrikken er laga for barn eller vaksne?

Barn skal ikkje ha i seg så store mengder koffein. Det kan skade kroppen og gje hjartebank, høgt blodtrykk, angst og skjelvingar.

Råd om energidrikk

Det skal ikkje meir til enn energidrikken av ei lita boks (2, 5 dl) før ein person på 30 kg får i seg meir koffein enn det som er rådd til maksimumgrense per dag. Ein halvliter med energidrikken gir meir koffein enn det som er rådd til ein ungdom på 60 kg.
(Kjelde ung.no)

Kor ofte drikk du energidrikk?

Kor ofte drikk du energidrikk?

Kvar dag144
Litt kvar veke56
Sjeldan68
Aldri154
Veit ikkje15
Svar totalt: 437