Meiner nordmenn må eta mindre raudt kjøtt

Mykje raudt kjøtt er ikkje bra for helsa og me bør derfor ikkje eta meir enn 350 gram i veka, meiner ei ekspertgruppe.

Det er grillsesong og mange likar steike raudt kjøt på grillen. Nordmenn et mykje raudt kjøt elles i året også. For mykje – meiner ei ekspertgruppe som er sett saman av ekspertar frå ulike nordiske land. Dei meiner me av helsemessige grunnar ikkje bør eta meir enn 350 gram raudt kjøtt i veka. Og av omsyn til miljøet bør det vera endå mindre enn det.

På høyring

I dag seier dei norske kosthaldsråda at me bør avgrensa oss til 500 gram raudt kjøtt i veka. Kosthaldsråda frå den felles nordiske ekspertgruppa er no ute på høyring.

At råda er “ute på høyring” betyr at politikarane samlar inn råd frå fleire ekspertar for å sjå om dei skal endre kosthaldsrådet om kor mykje kjøt me bør eta.

Kor ofte et du raudt kjøt i løpet av ei veke?

Kor ofte et du raudt kjøt i løpet av ei veke?

1 gong i veka13
2-3 gongar i veka10
3-5 gongar i veka49
5-7 gongar i veka1
Kvar dag3
Eg et ikkje raudt kjøt6
Svar totalt: 82
GIF: Giphy.com